close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Slik baker du lefse

Tips og triks til lefsebakst for nybegynnere.

today Publisert: 04.12.2017
create Forfatter: Gunn Sørum

Å bake lefse er ein kunst, og eit vellykka resultatet kan kreve litt trening. Om du brukar nokon av triksa frå erfarne bakstekoner er det absolutt mogleg å lykkast også for nybyrjarar.

Fyrst og fremst er det som nybyrjar viktig å velje ei oppskrift som er lett å lykkast med. Kari Støfringsdal si oppskrift på Jølstralefse gir ein deig som er lett å bake ut, og denne lefsa kan brukast både som middags- og kaffilefse.

Dersom ein ikkje er så trena med å bake kan det vere lurt å øve seg på flatbrød før ein byrjar med lefsene. Det er også verdt å ha i minnet at potetlefser som hovudregel er litt vanskelegare å lykkast med. Men – når lefsene er delt opp og eventuelt smurde er det ingen som ser om dei var heilt runde, og det har heller ingenting å seie for smaken! Det er morosamt og eksklusivt å servere heimelaga lefse, og ingen er fødd meister, så berre prøv!

Les også: Slik bakar du flatbrød


Utstyr

Du treng noko utstyr for å bake takkebakst som lefse og flatbrød, men mykje av det kan du finne på loppemarked, Finn.no eller kanskje heme hjå mor eller bestemor?

Dette må du ha:

  • Steketakke (som oftest er dei 40 eller 60 cm i diameter).
  • Kjevle – ett glatt kjevle og ett kjevle med ruta mønster. Sistnemde tek betre «tak» i deigen.

Dette bør du ha:

  • Bakstefløy – til å flytte og snu leiven når du steiker. Gjerne ein kort og ein lang.
  • Kost – til å børste av takka og leiven med
  • Voksduk – til å bake ut på. Lerretsstoff eller liknanende kan og brukast
  • Utstyr til innpakking (av lefser): klede (til dømes eit gamalt reint laken), plast.

Kari Støfringsdal bakar ut leiven på baksida av ein voksduk. Ho bakar fyrst ut med glatt kjevle, og deretter ruta kjevle. 

Om utbaking

Fyrste bud er: rundt emne = rund leiv! Bruk tid på å forme emna skikkeleg, så er du langt på veg mot ei fin lefse. Form kvart emne til ein heilt rundt bolle. Klapp bollen litt ned  og form den med fingrane. Berre ei lita fordjuping i kanten på emnet kan gjere at du får «skår» i leiven, så bruk tid på å få skikkelege emner.

Leiven skal helst vere tynn, jamn og uten hol når den er ferdig kjevla ut. For å greie dette må du kjevle med jamne tak. Snu leiven minst 2-3 gonger undervegs, og strø mjøl over og under leiven. Ein hovudregel er at man bør bruke minst mogleg mjøl når man bakar ut, spesielt gjeld dette for potetlefse, fordi jo meir mjøl du brukar: jo større sjans er det for at lefsa blir tørr. Men – dette varierer fra lefse til lefse! Jølstralefse, til dømes, kan du med fordel bruke ein del mjøl under utbakinga. Som nybyrjar er det betre å bruke litt meir mjøl under utbakinga for å øve seg på å få ein heil og fin leiv, og heller prøve å bruke litt mindre mjøl for kvar gong. Løft litt på leiven i mellom for å sikre at den ikkje set seg fast.

Dei fleste er meir vande med å bruke glatt kjevle. Derfor kan det vere lurt å bruke eit glatt kjevle til å bake ut fyrste del av leiven, til du er cirka halvvegs, og deretter kjevle leiven heilt ut med ruta kjevle.

Når du bakar lefse eller flatbrød er det lurt å bruke baksida av en voksduk til å bake ut på. Da sett ikkje leiven seg så lett fast. Kjøp gjerne metervare og klipp ut ein runding som er litt større enn takka di. Da kan du bruke den som «mal» for størrelsen på leiven mens du bakar, og du kan snu på duken mens du kjevlar for å få ein jevn leiv.

Når du skal ha leiven over på takka kan du legge bakstefløya på kanten av leiven og bruke duken til å «vippe» kanten over fløya. Deretter rullar du leiven på fløya med flat hand midt på leiven – i staden for å rulle med handa du held bakstefløya i.

Når du er ferdig med å bake kan du børste godt av duken og rulle den rundt kjevlet, så held den seg fin og utan rynker til neste gong du skal bake. Eit alternativ til voksduk er lerretsstoff.

Når du bakar ut på ein duk kan du bruke duken til å «vippe» leiven over på bakstefløya.

Kari rullar bakstefløya bort etter leiven med flat hand i staden for å rulle sjølve bakstefløya. Da er det mindre sjans for at leiven strekkjer seg. 

Innpakking

Dei eldste lefsene vart nok laga omtrent som flatbrød, men med litt finare mjøl og steikt på sterkare varme, slik at dei ikkje vart så tørre. Då bløytte ein leivane når dei skulle brukast. I dag kan vi fryse lefsene. Er dei godt pakka inn undervegs i steikinga og i fryseren held dei seg mjuke.

Før du byrjar å steike lefser bør du derfor gjere klart til innpakking av lefsene. Lag plass på eit bord, og legg fyrst eit stort stykke plast på bordet. Legg deretter eit plagg i bomull, minst 60 cm bredt. Eit gamalt laken eller lignande er godt egna. Øverst legg du eit fukta klede, til dømes ein duk (sjå figur). Det kan vere lurt å ha ulik farge på det ytterste og innerste plagget, slik at du lett ser skilnad på laga.

Dei tre laga må kunne brettast dobbelt slik at du kan dekke lefsa heilt når du brettar plagga saman – slik at det totalt blir seks lag.

Etter kvart som du steiker, pakker du lefsene inn.

Ei god rutine kan vere som følgjer: Når du har lefsa på takka og har snudd ho kan du rulle saman dei tre øvste laga. Når lefsa er ferdig legg du ho oppå det fukta kledet, og rullar deretter dei tre øvste laga over at. Brett alt godt over mellom kvar leiv. Fuktigheten som blir danna av varmen vil slå tilbake i leivene, slik at dei blir mjuke.


Kurs

Lokallaga i Norges Bygdekvinnelag held stadig vekk kurs i takkebakst. På www.bygdekvinnelaget.no kan du finne kontaktinformasjon til ditt nærmeste lokallag.